Då Beitstadbøndene aksjonerte for juledrammen sin

Eit 200-årsminne

av Brynjulv Gjerdåker

Då Arnfinn Bartnes, Anders Rones og ti andre beitstøingar troppa opp på garden Skjevik ein føremiddag seinhaustes i 1782 og tok attende dei beslaglagde brennevinsreiskapane sine, var dette eit uttrykk for sjølvtekt med kraft i. For aksjonen måtte råkafuten med styrke midt i autoriteten hans. Slik dristig åtferd i strid med viljen til majesteten og hans representantar var ikkje dagleg kost i Norge under eineveldet. Men vi veit at andre halvdel av 1700-talet ikkje var fri for folkelege oppreistar og uro. Til barnelærdomen høyrer kunnskap om strilekrigen og annan motstand mot ekstraskatten på 1760-talet. Og vi kjenner til misnøye med embetsmenn og borgarar for skuld tronge levekår og kjensle av urettvis styring og urettferd i samband med næringsverksemd. Ein klassikar er Lofthusoppreisten i Agder.

I lys av dette blir aksjonen i Beitstad ein del av ein slags tradisjon. Sivil ulydnad er truleg det uttrykket vi ville karakterisera slikt med idag. Det kan lesaren gjera seg opp si meining om av det som her følgjer.

Men før vi går vidare inn på dette lokale dramaet, skal vi kort rissa opp bakgrunnen for det.

 

Kgl. plakat 9. aug. 1781 og praktisk oppfølgjing av han

År om anna var ernæringstilhøva prekære her i landet. Einskilde år var kriseår, med fleire døde enn fødde. Slike kríseår kunne räka befolkninga her i landet heilt fram til 1810-talet.

I knappe år vart kornet ein ekstra dyr Og dyrebar ressurs. All annan nytte av det enn til brødkorn vart då sløsing. Myndigheitene meinte at dette burde få følgjer for alkoholproduksjon og -omsetjing, ettersom brennevinet vart produsert på korn. Dette var nemleg tidleg i potetplanten sin introduksjonsperiode hjå oss og lenge før poteta vart råstoff for sterke drykkar. I året 1781 slo kornavlinga feil fleíre stader í landet. Myndigheitene prøvde å avgrensa dei ernæringsmessige skadeverknadene av dei dårlege avlingane. Regjerninga si fremste preventive åtgjerd er nedfelt i kgl. plakat 9. aug. 1781. Her kunne myndígheitene «paa nye alvorligen (…) indskierpe de tilforn udgangne Anordninger og Forbudde om Brændeviinsbrænden i Kiøbstedærne og paa

Landet i Norge samt sammes Brug og anden overdaadighed ved Begravelser, Bryllupper og andre slige Forsamlinger, hvorved forødes endeel Korn, som bedre, fornemmelig ved indfaldende Misvext og i dyre Tider, bør bruges».

Dei åtgjerder den lokale øvrigheita greip til for å følgja opp denne plakaten varierte ein del, frå ei meir liberal haldning til den meir restriktive praksis. I nokre bygder vart inkje gjort for â hindra brenning, utover kunngjering av plakaten. I einskilde innheradsbygder vart derimot alle brennevinspannar konfiskerte og sette inn til felles oppbevaring på eit lager for kvar bygd. Dette skjedde i m.a. Beitstad: Her vart utstyret sett inn til oppbevaring hjå bonde og skysskaffar Daniel Torbersen Skjevik.

 

Aksjonane på Skjevik og reaksjonane på dei

Laurdag 30. november 1782 var Daniel Torbersen Skjevik og kona hans bortreiste. Att heime var berre dei yngste borna og tenestejenta Anna Fredriksdotter. Ho kunne fortelja at ein del bønder [1] hadde kome til gards kl. 10 om føremiddagen. Dei var tolv i talet, og dei var ikkje komne på vanleg grannevisitt. Nei, for å seia det med futen Gunnerus i Inderøy, «disse første Voldsmænd og Røvere» hadde teke seg inn i huset og «voldeligt der opbrudt Loftet over et Sengekammer, hvorpaa de indsamlede Brændeviinspander i alt 74 Støkker (…) vare forvarede», og teke med seg kvar sin av desse pannane.

Etter at futen fekk melding om dei tolv si sjølvtekt, gav han mandag 2. desember lensmannen i Beitstad, Jon Rygh, ordre om å dra til Skjevik for å etterrøkja saka. Samstundes rekvirerte han militær assistanse av to soldatar til vakthald over huset på Skjevik og dei 62 attverande brennevinspannane der. Men då lensmannen kom fram, hadde dei 62 øvrige eigarane [2] alt vore på plenen om føremiddagen og henta ut utstyret sitt, så noko vakthald vart det ikkje behov for.

Denne «voldsomme og rebelske Opstand» 30. november og 2. desember l782 tykte futen kravde handfaste og kraftige reaksjonar. Medan saka van etterforska, sende han inn ein rapport til stiftamtmannen von Osten, som i brev datert 14. desember gav klarsignal til arrestasjon av «opphavsmennene». Alle 74 kunne jo ikkje arresterast, Det hadde ein korkje midlar eller kapasitet til. Derfor galdt det å finna ut kven som eventuelt sto bak aksjonen, og ta hand om dei.

No lukkast det ikkje futen å rulla opp noko komplett. For aksjonen på Skjevik 30. november hadde eit visst preg av spontanitet: Alle 12 aksjonistane var i bryllaup på Bartnes den dagen. Venteleg var det ikkje mykje av det sterke å smaka på i bryllaupet, og det var nok ei irriterande ulempe. Dessutan sto jula mest for døra, og tanken på jul utan dram sette nok heller ikkje festlyden i godlag.

Kva som enn dreiv dei: Tolv menn braut i alle fall opp frå bryllaupsfesten og gjekk til Skjevik, ei halvmils veg. Ikkje i ein fylking men puljevis.

Om futen såleis ikkje kunne finna nokon komplottmakar, kom han i nokre forhøyr 18. desember under funn med kven som var dei første til å leggja hand på lofisdørslåsen på Skjevik. Og han plukka ut åtte [3] menn som hovudansvarlege. Desse vart gripne nattestid av militære styrkar med skarpladde gevær, frakta til Skjevik og lagde i bolt og jarn der.

Dette hende like oppunder jul. Den største høgtida i året sto for døra, og ei gruppe respektable bønder var gripne, førde i arrest og haldne der som om dei var blant dei verste brotsmenn i samfunnet. Dette var ein overreaksjon så sterk at bygdefolket som ein person reagerte med harme og avsky. Og det var ikkje berre den vanlege ålmugesperson som harmast. Bygdefolket og aksjonistane hadde sympati også blant dei kondisjonerte: Soknepresten i Beitstad, Willum Ford, tok avstand fra arrestasjonane. Kompanisjef von Rasch, som hadde med den delen av aksjonistane å

gjera som sto under militær kommando, uttrykkjer seg slik i eit brev til futen 29. desember: «(…) at forekomne at den Lue ey giver flammer fra sig, som til denne Tid ligger i asken og gløer, som jeg vist haver given mig alt umage at undertrykke, som jeg nu næsten ey meer seer at holde vedlige. (…)». l dette brevet oppmoda von Rasch futen innstendig om å setja arrestantane fri. På dette tidspunktet

var dei militære deltakarane i «opprøret» lauslatne frâ arresten, og von Rasch slo eit slag for at sivil og militær burde få lik behandling.

Like fullt heldt futen dei åtte bøndene i jarn endå nokre dagar, trass i at soknepresten, kapellanen. von Rasch og major von Falkenberg i eit brev 28. desember borga for at dei 8 bøndene skulle møta for ein seinare rett og ikkje på nokon måte koma unna om dei vart lauslatne frå arresten. Rett over nyåret vart bøndene endeleg sette fri.

Det vart så skipa til ekstrarett. Den 11. januar 1783 vart stemninga frå futen forkynt for dei sjølvrådige båndene. Her vart dei pålagde å møta for ein rett som skulle haldast på garden

Homnes den 3. februar.

Men om ein slår opp i rettsprotokollane til sorenskrivaren, finn ein ikkje spor etter noka

rettssak, korkje den 3. februar eller omkring den datoen. Og saka kjem bort i futearkivet. Sålenge Gunnerus var fut i Inderøy, dvs. til 1788, har eg ikkje funne ein notis i futen sin korrespondanse om brennevispannane på Skjevik og eigarmennene deira etter februar 1783.

Dette luktar det om ikkje alkohol så i alle fall mistenkeleg av. Korleis kunne futen stemna folk inn for retten og saka så kverva i det blå? Kva hadde hendt?

 

Ni år går

Men saka var nok ikkje gløymd eller bortlagt fullstendig. I rentekammeret i København og på stiftamtkontoret i Trondhjem miste dei aldri interessa for henne, og misnøyen med futen si seindrektige saksbehandling var stor hjå dei høge herrar. Dette går greit fram av eit brev stiftamtmannen Fjeldstad sende rentekammeret i 1786, Brevet har form av eit klageskriv i 10 punkt over Gunnerus’ vanskjøtsel av embetet, og eitt av punkta har med dei aktuelle brennevinsreiskapane å gjera. Fjeldstad opplyser at han har kravd beskjed av futen om korleis saka mot beitstadbøndene har skride fram. I frå København kom ei ny påminning om saka i april 1787, men nokon framgang oppnådde ein ikkje då heller. Endeleg tok regjeringa saka i eigne hender og dekreterte ei mulkt på 10 rdlr, for kvar aksjonist. Dette skjedde formelt ved ein kongeleg resolusjon 21. september 1791, pålagt ni år etter sjølvtekten på Skjevik.

 

Møte på Tessem

Den nye futen som etterfølgde Gunnerus i 1788, Sommer, vart så pålagd å driva inn desse pengane, som skulle tilfalla fattigkassa i Beitstad. Sommer skreiv til kollegen sin, sorenskrivaren, for å få greie på når saka mot bøndene hadde vore oppe, og bad han samtidig om ein kopi av stemninga mot dei. Sorenskrivaren, som heller ikkje var gammal i embetet, skreiv til svar at noka slik sak aldri hadde vore anten byrja eller utført, såvidt han kunne sjå. I arkivet etter Gunnerus fann Sommer i alle fall stemninga i saka, datert 11. januar 1783, og på grunnlag av denne kalla han alle attlevande av dei innstemnde inn til eit møte på garden Tessem 22. november 1791. Her møtte 52 [4] personar: 18 av dei opprinneleg 74 var no døde og fire møtte ikkje av ymse grunnar. Futen las opp den kongelege resolusjonen og sette fram krav om innbetaling av mulkta. Kvar og ein beklaga si materielle naud og

hevda at dei var ut av stand til å betala mulkta. Men alle som ein var villige til å gjera opp for seg, om kostnaden ikkje var så høg. Dei bad futen om utsetjing, slik at dei fekk tid til å senda kongen ein søknad om ei tålelegare mulkt.

 

Brevet til kongen

Brevet til kongen frå dei attlevande aksjonistane er datert 30. desember 1791. Det er eit lengre dokument der bøndene sitt syn på konflikten og bakgrunnen for han blir lagt fram i detalj:

I mars 1782 vart det gjort kjent blant bøndene at brennevinspannane skulle forseglast. Folk tykte ulempene vart store når retten til brenning vart oppheva. I brevet til kongen blir det peika på dei serskilte klimatiske tilhøve her i landet, og på nordmenns problem i samband med næringsutøving både på sjø og land. Det blir fremheva at brennevinet er einaste drikken som duger mot frost og kulde når nordmenn er ute på reiser vinterdags. Og nytten bonden har av drank og drav til fôr til hestar, grisar og småfe blir heller ikkje gløymt.

Trass i alt dette aksepterte bygdefolket påbodet. Dei venta at lensmannen skulle koma rundt til kvar einskild, men i staden kom det pålegg om at alle brennevinspannane skulle leverast på ein bestemt gard i tinglaget, nemleg på Skjevik. Denne befalinga frå futen tolka folk som ei åtgjerd for å spara lensmannen for bryet med å dra rundt på kvar gard og forsegla, så bøndene møtte lydig opp på Skjevik med brennevinsutstyret sitt. Der fekk dei beskjed om at reiskapen skulle setjast inn til forvaring utan forsegling. På Skjevik vart så pannane sette inn på eit loft, rettnok bak låst dør.

Men loftsrommet var elles ope nedanfrå, for det låg berre lause og unagla fiøler og bord på bjelkane, slik at uvedkomande kunne lett ta seg opp og inn og forsyna seg.

Trass i at korkje lensmannen eller Daniel Skjevik, brukaren, gav bøndene noka forsikring om erstatning ifall brann eller innbrot fann bøndene seg i også denne ordninga for å visa god vilje. Men dei meinte at når oppbevaring på ein stad først skulle vera, måtte tiendestabburet i tinglaget vera ein høvelegare plass. Der kunne ein venta at pannane sto tryggare.

Etter nokre månader kunngjorde lensmannen ein ny ordre: Pannane skulle hoggast i stykker og brommet koma kvar einskild til gode i skattebetalinga. Også dette aksepterte bøndene. Men så spreidde det ryktet seg at om kvar bonde betalte futen litt, skulle dei få pannane sine attende heile og uskadde. Dette kunne det framleis – i 1791 – førast mange vitne på, sjølv etter så mange år. Av dette kunne bøndene rimeligvis ikkje skjøna anna enn at futen var korrupt, eller at han var ute for å «se sine egne Hensigter opfyldte», som dei uttrykte det. Dei vart styrkte i denne oppfatninga ved det at den største delen av ålmugen i dei 5 andre tinglaga i fogderiet sat inne med sine brennevinsreiskapar; og dei av dei som hadde levert pannane sine inn til forvaring, fekk dei attende når dei betalte futen for det. Åttåt dette var det kjent at dei ytterøyfolk som hadde levert inn sine pannar til forvaring, hadde henta dei heimatt utan utgifter eller noko om og men. Derfor fann beitstadbøndene at dei ikkje meir enn andre kunne vera pliktige å lata sitt utstyr vera i andre si forvaring. Og når futen og leire andre brende brennevin som før, kunne dei ikkje anna tru enn at

«Fogdens giorde Forbuder vare (…) ugrundede, og Han ikke havde noget Kongeligt for sig i denne Tilfælde». Derfor trudde bøndene seg til å henta reiskapane sine i full rett. Og dei drog – korkje konspiratorisk eller opprørsk – «i Største Stilhed» til Skjevik, fann loftet ope nedanfrå, og gjekk opp og tok med seg utstyret. Den 2. desember – to dagar etter – gjekk resten av dei 74, altså 62, ein og ein om gongen og henta pannane sine, utan valdsbruk av noko slag.

Det var det. Det heile brotsverket slik bøndene såg det. Vi kjenner det som seinare hende, fram til innstemning datert 11. januar 1783 til ekstrarett på garden Homnes 3. februar s.å. Då bøndene hadde fått denne innstemninga, vart dei samde med den oppnemnde forsvararen Peter Lorentz Angell om at han skulle møta åleine på deira vegner og krevja saka utsett.

Men så – tre dagar før ekstrarettsmøtet – kom ilbod om at alle 74 bøndene skulle møta futen neste dag på Solberg prestegard for å avgjera heile saka med han der. Bøndene så gjorde; og til stades var også sokneprestenFord, prost Hammond og forsvararen Angell. Her lanserte futen så dette forslaget: Om bøndene ville stila eit bøneskriv til stiftet utan å nemna noko ankemål mot futen, og skrivet

elles var utforma slik futen tykte det burde, kunne han forsikra dei om at utfallet skulle bli positivt og saka vera opp- og avgjort for all framtid.

Dette gjekk bøndene med på. Skrivet, eller «Ansøgningen», vart underskrive av ein del bønder på alle 74 sine vegner og av Angell og så overlevert futen. Deretter heva han møtet. Seinare høyrde bøndene inkje om saka i mest ni år! Heilt til futen Sommer gjorde kjent kongeleg resolusjon 21. september 1791.

Bøndene peika til slutt i brevet på at mulkta på 10 rdlr. ville bli ein for tung og byrdefull utgiftspost for dei. Han utgjorde pålag like mykje som eit halvârs statsskatt for den einskilde beitstadbonde i 1791. Dei bad derfor primært om at mulkta måtte bli ettergjevi, subsidiært om at dei måtte få føra fram sitt syn for ein rett.

 

Enden på visa

I eit følgjeskriv gjekk forsvararen god for kvart ord som skrive sto i bøndene sitt brev. Han understreka dei vanskelege kår ålmugen var i, og peika på kor ufortent bøndene med dette kom i økonomisk uføre.

Både prest og residerande kapellan la inn gode ord for beitstadbøndene, og viste til deira «forlik» med futen Gunnerus 9 år tidlegare, ei semje dei hadde akseptert i god tru. Stiftamtmannen Fjeldstad viste til fråsegnene frå dei lokale embetsmenn og forsvarar. I sitt brev til rentekammeret 7. april 1792 viste han dessutan til futen Gunnerus’ «besynderlige Omgangsmaade» i saka, og tilrådde ein vesentleg reduksjon i mulkta.

For heilt ustraffa burde dei ikkje sleppa unna for å ha teke seg sjølve til rette mot offentleg foranstaltning.

Ved kongeleg resolusjon 15. august 1792 vart mulkta «af særdeles Naade» redusert til 2 rdlr. pr. person

* * *

Efter bøndene sitt brev til kongen og følgjeskriva frå dei geistlege og forsvarar tyder alt på at futen Gummerus i 1782 hadde fare med svik andsynes både ålmuge og føresette. Han har etter alt å døma vilja sko seg økonomisk på dei vanskelege tider og bøndene sitt ønskje om rett til å produsera sin eigen dram. Men han behandla ikkje alle likt, og beitstadbøndene fann seg ikkje i den urettvisa dei var blitt utsette for. Dei aksjonerte og tok seg til rette.

Frå 2. desember 1782 gjekk det fleire vegar for futen i denne saka; Han kunne velja den direkte aksjonslinja – slik han gjorde – og ha eit rettsleg oppgjer med aksjonistane – slik han var i ferd med å gjera. Men denne framgangsmåten kravde integritet og reinhårig ferd frå embetsmannen si side.  hadde han ikkje reint mjøl i posen, burde han nok ha valt andre reaksjonsmåtar.

Ikkje nok med at futen gjekk til beinveges offentleg aksjon og dermed automatisk kopla inn andre instansar i embetsverket: Han gav saka slike dimensjonar og reagerte med slik kraft av han vart møtt med negative reaksjonar også frå sine med-kondisjonerte i bygda, om han enn hausta fagnad i København for innsatsen i første omgang. Korleis futen kunne velja ein slik reaksjonsmåte med sine svin på skogen, er undarleg. Han må ha feilvurdert bâde den jamne beitstadbonde og sine standsfeller. Ikkje berre har futen sin moralske habitus vore skrøpeleg – det må ha vore ein del å

utsetja på vurderingsevna og dømmekrafta hans òg.

Denne korrupte åtferda åt futen kom altså for ein dag til sjuande og sist. Då etterfølgjaren hans, Sommer, overtok embetet, kom også avsløringa omsider. Men Gunnerus opplevde ikkje noko straffereaksjon over sitt hovud. Etter at han hadde avansert til amtmann i Nordre Bergenhus i 1788, døydde Nils Dorph Gunnerus alt i 1789, 38 år gammal.

[1] Dei 12 aksjonistane på Skjevik 30. november 1782 var desse: Størker Bardal, Paul Kirkreit, Hans Andersen Ramberg, Johan Rennan, alle soldatar. Vidare Arnfinn Bartnes, Nils Brandsâs, Paul Bratberg, Ole Jonsen Granhus, Peder lnderberg, Anders Rones, Ole Rones og Ole Skar.

[2] Dei 62 som følgde dei 12 sitt føredøme to dagar etter: Johan Bartnes, Lars Bartnes, Jakob Benan, Morten Benan. Rasmus Bratberg. Johan Bratreit, Ole Brustuen, Sivert Dalekren, Hågen Elnan, Ole Elnan, Esten Gladsjø, Mona Gladsjø, Tomas Haugen, Ole Hervik, Johannes Hjellan, Mons Hjellan, Ole Hjelset, Bersvend Holte, Peder Holien, Jon Honvik, Peder Honvik, Ole lnderberg, Jakob Klet, Tarald Klet, korporal Klingen, Ole Kolberg, Anders Kvamseng, Kristoffer Kvarving, Daniel Landsem, Ole Langnes, Jakob Malmarkaune, Morten Malme. Ole Melgård, Peder Melhus, Daniel Mjendrem, Mikkel Mjendrem, Peder Mjendrem, Ole Oppdal, Peder Overvelde, Peder Overvík, Elias Ressem, Sivert Ressem, Sivert Rostad, Anders Røseg, Kristoffer Røsegs enkje, Ole Røseg, Peder Røseg, Ole Saugestad, Nils Sprauten, Ole Strømnes, Ole Storvoll, Peder Svarva, Anders Tekset, Ole Tessem, Nils Tverås, Sivert Tverås, Kristoffer Tørring, Tørres Vaggen, Bård Vanebu. Jakob Vikan, Ole Viset, og Ole Ystmark.

[3] Dei «hovudansvarlege» 8 mennene på Skjevik 30. november 1782: Arnfinn Bartnes, Nils Brandsås, Paul Bratberg, Ole Jonsen Grandhus, Peder Inderberg, Anders Rones, Ole Rones og Ole Skar.

[4] Dei 52 som møtte på Tessem 22. november 1791 var iflg. futen Sommer si liste desse (i parentes er også med dei opplysningane som futen har notert på kvar person): Størker Bardal (sjølveigar), Johan Bartnes (kårmann og sengeliggjande, møtte ved sonen Sivert), Lars Bartnes (leiglending), Jakob Benan (kårmann og fattig), Rasmus Bratberg (sjølveígar), Ole Brustuen (husmann), Sivert Dalekren (sjølveigar), Ole Elnan (sjølveigar), Mons Gladsjø (leiglending), Ole Hervik (leiglending), Johannes Hjellan (leiglending), Mons Hjellan (leiglending), Peder Holien (leiglending), Bersvend Holte (sjølveigar), korporal Klingen (leiglending), Anders Kvamseng (sjølveigar), Ole Langnes (sjølveigar),  Morten Malme (leiglending), Ole Melgård (sjølveigar), Peder Melhus (leiglending), Daniel Mjendrem (leiglending), Mikkel Mjendrem (sjølveigar), Peder Mjendrem (sjølveigar), Ole Oppdal (sjølveígar), Peder Overvelde (sjølveigar), Peder Overvik (sjølveigar), Hans Andersen Ramberg (innerst og fattig),  Johan Rennan (leiglending), Elias Ressem (sjølveigar), Anders Runes (innerst og fattig), Ole Rones (sjølveigar), Anders Røseg (sjølveigar), Kristoffer Røsegs enkje (sjølveigar, og møtte ved sonen Hågen), Ole Røseg (eller sonen Kristoffer) (sjølveigar), Peder Røseg (sjølveigar), Ole Saugestad (sjølveigar og møtte ved Ole Langnes), Ole Skar (sjøleigar, møtte ved Ole Langnes), Nils Sprauten (leiglending), Ole Strømnes (sjølveigar), Ole Størvoll (sjølveigar), Peder Svarva (sjøiveigar). Anders Tekset (leiglending), Ole Tessem (leiglending), Sivert Tverrås (leiglending), Kristoffer Tørring (leiglending), Tørres Vaggen (leiglending) Jakob Vikan (sjølveigar), Ole Viset (leiglending).

Primærkjelder:

Rentekammerarkivet (Riksarkivet):
Trondhjems stifts kontor, journal G 1791-1793. kgl. res. nr. 29. 15. aug. 1792 (resolusjonspakka).
Trondhjems stift og amts arkiv (Statsarkivet i Trondheim): Futebrev 1783.
Inderøy futearkiv. Diverse brev vedr. brennevinsbrenning.

Artikkelforfattaren er fødd på Voss i 1943, og er førstearkivar ved Statsarkivet i Trondheim.

Brennevinsapparatet på bildet til høgre er oppbevart på Folkemuseet på Sverresborg. Det skil seg neppe vesentleg frå utstyret til Beitstad-bøndene í 1780-åra. I museumskartoteket finn vi m.a. desse opplysningane:

Brændevinsapparat

Av kobber. Bestående av kjel og hætte og jernfot. Ring av samme diam. som kjelebunden med 3 ben. Kjelen er 50.5 cm høy. Indsvugne åpning. Svinger utover opover. Overdækket let buet. To avløpsrør i øvre hætterand, tæt ved hverandre. Disse rør skråner nedat.

Kjøpt hos antikvitetshandler Bangfiel.

I følge dennes katalog er brændevinsapparatet erhvervet hos Gabriel 0. Vikan i Melhus, og blev for 5 aar siden, dvs. 5 aar før Bangfiels erhvervelse av gjenstanden hvilket sandsynligvis har været i 1916-1917 fundet under gulvet paa Vikan hvor det har ligget bortgjemt siden statens konfiscation av brændevinsapparater i 1ste halvdel av 19. aarhundrede.

I «Dagsposten» for 15de november 1924 findes nedenstaaende som er et utklipp av en artikkel av Edv. Kjøsen, Guldalen:

«Vikan blev kjøpt av Ingvald H. Hynne i 1921. De daværende huse blev restaurert i 1845. og den andre del av stuen er enda meget ældre. Vikan er beliggende på den nordøstlige side av Aanøia, ikke langt fra Sagberget og derfra er det en herlig utsigt mot syd over Aanøia, Høilandet og Troldheímstinderne. Da husene for nogen tid siden ble gjort istand, blev der gjort et høist interessant fund. Et sagn fortalte nemlig at der et steds paa eiendommen skulde være nedgravet eller gjemt et av disse brændevinsapparater som blev brukt før det blev statsmonopol. Erik het en gammel mand som hadde lett og graver efter dette apparat hele sin tid, mens har eiet Vikan, men finde det, ja se det var plat umulig for ham i alle fald. Men da gulvet i stuen blev tat op, kom brændevinsapparatet for dagens lys. Apparatet var fint arbeidet og velbevart, da det var av massivt kobber. For tiden skal det visst findes i Kunstindustrimuseet eller Bygningsmuseet paa Sverresborg. Som vi ser saa var sagnet ikke tat saa helt ut av luften og brændevinsapparatet er et av de fineste og mest velbevarte kobbersmedsarbeider av den slags som vi har fra den tid.»

 

Gjengitt med tillatelse av Brynjulv Gjerdåker