Rettshistorisk forening held sitt første møte i Trondheim 1. november 2017. Professor Jørn Øyrehagen Sunde skal da snakke om Opplysningstid og juristane i Trondheim.
Erkebispesetet gjorde Trondheim til eit drivande sentrum for rettsutviklinga i Noreg på siste halvdel av 1100-talet og på 1200-talet. Det er langt mindre kjent at Trondheim spelte ei tilsvarande rolle på andre halvdel av 1700-talet. Biskop Gunnerus, lagdommar Dons og tollforvaltar Lorentzen var spydspissar for opplysningstida i dansk-norsk rett. Den juridiske tradisjonen dei var med og forma, er framleis plattforma for norsk juss i dag.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Rettshistorisk forening, Kunnskapsbyen og Justismuseet.
Tid: onsdag 1. november 2017 kl 19
Adresse: Suhmhuset, Elvegata 6, 7012 Trondheim
Gratis adgang for alle
Siste kommentarer